Turforslag 04. Gradering: grøn løype

Sælevik skule - Fiskaneset: 4 km tur/retur   2,5t

Stad: Dåfjorden. Frå Fv 545, på vestsida av Stord tar du av ved vegkryss med skilting mot Dåfjorden. Køyr vidare til Sælevik skule.

Turkart: Stord-Fitjar (1:50.000)

Start og sluttpunkt: Sælevik skule.

Parkering: Parkering ved skulen.

Merking: Informasjonstavle ved vegen, der stien startar, tvers over for skuleplassen. Retningsskilt mot Fiskaneset. Halvvegs er det skilt mot Varden. Gå ned att på stien og fortsett mot Fiskaneset.

Gradering: Grøn, moderat fottur 1 støvel etter DNT systemet.  

Høgdeskilnad: 0 – 82 moh.  

Tidsbruk: 2,5 timar t/r 

Turskildring: 

Stien startar på andre sida av vegen, kor informasjonskilt og retningsskilt mot Fiskaneset står. Turen går på grusa sti i kupert terreng med lyngmark, blandingsskog og berg. Stien er egna for barnevogn, men bratt bakke gjer han ueigna for sykkel. Frå stien er det flott utsikt mot Stokksundet. Halvvegs er det ein liten avstikkar (ca 200m) opp til varden (82 moh). Her er det fin utsikt over bruene i trekantsambandet. I varden er det lagt ut turbok som du kan skrive namnet ditt i. Fortsett mot Fiskanes. Du kan gå same veg tilbake eller gå ned mot fylkesvegen, tilbake til Sælevik skule. Langs løypa finn du informasjon om planter og dyr.

Turløype mot Fiskarneset
Turløype mot Fiskarneset Foto: Wenke Åse