LUNDArSTØLEN

Stord Fitjar Turlag har overteke drifta av Lundarstølen og har no som ynskje at den skal vera attraktiv å låne og at det skal bli liv og røre både i huset og på bakkane rundt. 

Vegforklaring til Lundarstøl.

Tilkomst frå nord: Følg E39 mot Leirvik. Etter Grov kjem eit stort kryss med avkøyring til Rommetveit og HVL-Høgskulen på venstre side og avkøyring til Lundsseter på høgre. Ta den høgre avkøyringa og følg vegen til eit T-kryss med nytt skilt til Lundsseter. Drei høgre og følg vegen til stor parkeringsplass på venstre hand og stort hyttebygg på høgre.(Fjellstova) Følg smal veg vidare mot Lundsseter kraftstasjon. I ein venstresving går det ein gruslagt stikkveg ned mot høgre. I vinterehalvåret står det eit «Innkjøring forbode»-skilt her, men det gjeld ved snø og vanskelege kjøreforhold. Følg grusvegen over bru og vidare til nytt kryss 200-300m. Ta til høgre igjen, og rundt sving til venstre kjem hytta til syne på toppen av ein bakke. Det er delvis kjørbar veg heilt opp.

Tilkomst frå sør: Følg E39 mot Sandvikvåg. Passer nordre avkøyring til Leirvik og Ådland bru. Køyr forbi det første krysset, men i det neste med avkøyring til Rommetveit og HVL-Høgskulen på høgre hand, og Lundsseter på venstre, sving av mot Lundsseter og følg deretter instruksane ovanfor

Her kan du skrive ut vegforklaringa

Leigepriser: 

Kr. 300,- pr. dag. 
Kr. 700,- pr. døgn og Kr. 1.500,- for ei helg. 
Tillegg for utvask. 

Senger for overnatting. 
Kaldt og varmt vann. 
Dusj. 
Vedovn/elektrisk. 
Komfyr/kjøleskap. 

For utleige, kontakt Wenche Nygård tlf. 416 80 693

Sjå bildene under her;