Turforslag 26. Gradering: rød løype

Tursti  Lundseter – Tysebotn – Breidalen – Ravatnet –Lundseter    4-5 timar

Stad: Lundsæter, Stord

Turkart: Stord- Fitjar Turkart

Start- og sluttpunkt:Lundsæter kraftstasjon

Parkering: Ved kraftstasjonen. 

Ta av frå E39 til Lundseter(i Førlandskrysset), rett sør for Grov. 

Kjør forbi Fjellstova og på asfaltert veg til parkeringsplass ved kraftstasjon

Merking: T-merka

Gradering: Raud, Krevjande, 3 støvlar etter DNT-systemet

Høgdeskilnad: 255 - 463 moh

Tidsbruk:4-5 timar

Turskildring:

Følg sti bratt oppover frå parkeringsplass. På toppen ovanfor hytte er det god utsikt over Sunnhordlands-bassenget. 

Etter eit lite flatt parti, ta til venstre i stikryss og ned skaret mot Tysevatnet. Gå innover langs Tysevatnet og ta til venstre i stikryss oppi bakken. Følg stien over åsryggen og ned mot Tysebotnen, forbi hyttene og til stikryss litt ovanfor vatnet. For kortare tur gå stien langs vatnet, over Vaulane, over demninga og ned grusvegen til parkeringsplass. 

Eller følg stien opp Breidalen med Stavalifjedlet (511m) på høgre sida, over reset og nedover med Budalsvatnet lenger nede til høgre. I stikryss ovanfor Hovtrongsvatnet ta til venstre, og igjen til venstre ved Ravatnet. Følg stien langs Ravasslio til stikryss ovanfor Tysevatnet, ta til høgre i stikrysset og gå over Vaulane, over demninga, og ned grusveg til parkeringsplass.

Tysebotnet
Tysebotnet Foto: Wenke Åse