Turforslag 22. Gradering: rød løype

Lundsæter - Tysevatnet - Sørlileitet - Store Tjødnadalen - Heio - Lundsæter  8,5 km

Turkart: Stord-Fitjar (1:50.000)

Start og sluttpunkt: Parkeringsplass ved Lundsseter kraftstasjon.

Parkering: Ta av frå E39 til Lundsseter, ca. 800 m nordom Ådland bru, (eller ved Førlandskrysset 4 km lenger nord) og følg vegen 7 km oppover mot Fjellstova. 800 meter forbi denne til parkeringsplass ved Lundsseter kraftstasjon.

Merking: Innformasjonstavle ved parkeringsplass , skilta og T-merka

Gradering: Raud, moderat/ Krevande fottur 3 støvlar etter DNT systemet

Høgdeskilnad:  200 – 680. moh.

Gode råd:  Tysevatnet er drikkevasskjelda til Stord ,så ver varsam med kva du legg frå deg.

Turskildring:

Følg merka sti opp Tyseskaret til Eldhushøgdaog ned Steinasmoget, langs Tysevatnet over bru ved Storekleiv og opp til Sørlileitet. Gå ikkje ned Sørlio, men tastien til høgre ved steinen, og inn langs Mjølkeråno til  Store Tjødnadalen og kryss med sti frå Mehammarsåta/Børtveit. Vidare mot sør opp i Litle Tjødnadalen og ned Kvelve. I Fossabrekko kan ein ta stien ned til Kyviksætra eller ein kan gå vegen ned og attende til Lundsæter.

T- merka sti:  Opplysningstavle, sjå sti over Stengjelsheddo.  1 Retningskilt v/start ,1 skilt venstre og 1 skilt høgre mrk.Tysevatn , 1 skilt høgre Sørlileitet,  1 skilt høgre StoreTjødnadal , St. Tjødnadal sjå sti frå Mehammarsåto/Børtveit.