Turforslag 02. Gradering: rød løype

Heio - Mehammarsåta - Fitjar (Stord på Langs)  7 - 7,5t

Stad: Stord

Turkart: Stord-Fitjar (1:50.000)

Start og sluttpunkt: Parkeringsplass Heio

Parkering: Parkeringsplass på Heio. Frå Leirvik langs E39 til 800m nord for Ådland bru (eller ved Førlandskrysset 4 km lenger nord) og følgjer vegen ca 7 km til Fjellstova. Herfrå ca 0,5km til vegkryss, ta til høgre på delvis grus-/ asfaltert veg i retning Kattnakkjen ca 3 km.

Merking: Informasjonstavle ved start og ved begge endepunkt. Skilt i alle stikryss. Elles T-merka og varda.

Gradering: Raud, noko krevjande fottur, 4 støvlar etter DNT-systemet.

Høgdeskilnad:390 – 749 – 50 moh

Tidsbruk: 7 - 7,5 timar

Turskildring: 

Turstien går over fjellet mellom Heio i Stord kommune til Svartavatnet i Fitjar kommune, der stien deler seg til;

1)  Langs vestsida av Svartavatnet til Rimbareid
2)  Mot nordvest til Midtfjellet og ned til bustadområdet i Fitjarstølane (kryssar   Midtfjellet Vindmøllepark)
3)  Mot nord til Vistvik

Skildringa gjeld start frå Heio, men ein kan og starta på Rimbareid eller i Vistvikjo i Fitjar.

Frå Heio går stien bratt opp Fossabrekko og Kvelve og deretter i

småkuppert terreng innover til Martebrotet, Litle Tjødnadalen og ned i Store Tjødnadalen.

Så bratt oppstigning til Steinfjedlet og vidare til øya Stord sin høgste topp;

Mehammarsåto (749moh). Panoramautsikt i alle himmelretningar.

Etter bratt nedstigning mot nord kryssast kommunegrensa til Fitjar kommune. Stien buktar seg vidare i lett terreng mot Djupatjødno, Mosavatnet til nordaustre kant av Svartavatnet (drikkevasskjelda til Fitjar kommune).

Herifrå deler stien seg i 3 retningar.
1)  På sti sørover lang vestsida av Svartavatnet. I sørenden av Svartavatnet, vidare på veg ned til ”vassverket” og Rimbareid.
2)  Varda sti over høgdedrag, mot vest. Stien kryssar anleggsvegen til Midtfjellet Vindmøllepark og vidare over myrpartier, slakt nedover, gjennom steingard og inn i furuskog. Når stien møter skogsveg kan du velje å fortsette nedover på sti eller følgje skogsvegen mot sør. Begge vegane fører til Fitjarstølane.
3)  Mot nord går det merka sti på vestsida av Kvednavatnet og vidare ned dalen austsida av Vistvikelva. Stien møter skogsveg som går ned til E39 i Vistvikjo..

Mehammersåto
Mehammersåto Foto: Wenke Åse