Turforslag 10. Gradering: grøn løype

Lysløypa ved Fjellstova 4 km:   1,5t

Stad: Lundsseter

Turkart: Stord – Fitjar (1:50.000)

Start og sluttpunkt: Parkeringsplass ved Fjellstova 8 km frå Leirvik sentrum

Parkering: Ta av frå E39 800 m nord for Ådland bru mot Lundsseter følg vegen ca. 4 km til Fjellgardane ta av mot venstre til Fjellstova Stor parkeringsplass.

Merking: Informasjonstavle ved start. Skilta og merka etter ny løypestandard.

Gradering: Grøn, lett tur 1 støvel etter DNT- systemet

Høgdeskilnad: 200 – 240 moh.

Tidsbruk: 1,5 time

Turskildring:

Gå attende 100 meter frå parkeringsplass mot Vasstasjon. Løypa er stengd for køyring med bom ved starten. Dette er ei kommunal lysløype, som er mykje brukt sommar som vinter. Traseen er opparbeid som skogsveg, men det kan vera dårleg å koma fram med barnevogn. Etter 2 km kjem ein til Lundarstøl ein gamal husmannsplass no eigd av verkstadklubben på Kværner og leigd av Stord-Fitjar Turlag. Her er sett ut bord og benker og fint å ta pause. Herfrå er det ca. 50 meter til vegen frå Kattnakkjen som ein fylgjer attende til Fjellstova.

Gapahuken ved Lundarstølen
Gapahuken ved Lundarstølen Foto: Wenke Åse