SeniorTURAR

Seniorgruppa er ei gruppe i Stord-Fitjar Turlag. Den vart skipa hausten 2008.

Gruppa har som oppgåve å fremja interessa for friluftsliv blant seniorar og andre i samsvar med

Stord-Fitjar Turlag sine retningsliner. Gruppa arrangerer turar i kategorien "Passar best for seniorar" men alle som vil er velkomne til å delta.  Det betyr at turane går i noko lavare tempo enn ellers. Fylgjande turar blir arrangert:

Aktiv til 100 turar: Tur på 2-3 km til gapahuker i Skjephaugen (Torsdag i partalsveker),  Stuvikjo (Torsdag i oddetalsveker) og Hustrudalen (Måndag i oddetalsveker) der det vert servert kokekaffi laga på bålpanna.  Det blir lagt ut påminning under "Gard og Grend" i Sunnhordland.

Tur 2: Enkel tur onsdager i partalsveker. Annonse i Sunnhordland Måndag før turen.

Tur Fitjar: Varierer mellom enkel og middels tur. Oddetalsveker. Annonse i Sunnhordland Måndag før turen.

Tur 1: Middels tur onsdag i partalsveker. Annonse i Sunnhordland Måndag før turen.

Overnattingsturar: Kvart år blir det arrangert 2-4 overnattingsturar normalt Måndag-Torsdag eller Søndag-Torsdag. Overnattingane for kvar tur er normalt på same plass for alle dagane.

Det vert kvart år laga brosjyrer med turprogram for alle typar tur til årsmøtet i Februar. I tillegg er turane å finna på nettsida til turlaget.