ny dnt-hytte på stovegolvet

Prosjektleiar: Johnny Bjørge - Bergen og Hordaland Turlag.

Ansvarleg frå SFT: Gerda Øen 

Dugnadsleiar SFT: Frank Breistein og Stein Kyvik.

Tidsplan: 2019 og 2020.

Status pr. 8. November:

Alt inventar, skillevegger, tak og innerkledning er tatt ned og transportert med helikopter og lastebil til SIM. Då blir det prosjektering og planlegging gjennom vinteren og klar til byggestart til våren.



5 og 7. Mai. 20. -  Resten vart rive innvendig.

På 2 dagar vart innerkledning på 2 ytterveggar samt golv med isolasjon i alle rom rive og pakka, klart for helitransport som kan koma allereie i veka etter. 


Frå 08.11.2019 Siste dugnaden før vinteren. Hytta er renska.

Bilder frå dugnaden 29.10.19

Klikk her for å skrive tekst.

Bilder frå første dugnaden 21.10.2019

Ikkje noko gjenbruk her. Stein må knusa det for å få det i sekken.

Mykje støv under rivningsarbeidet. Einar gjer store auge av alt han finn.

Her har Gerda delt ut boller. Då stoppar alt arbeidet ei stund. Matpausen er høgdepunktet.

Eirik og Arne med Åsmund i bakgrunnen. Dei ventar på noko godt her.

Harald og Jarle ser ut til å vera eit radarpar når det gjeld arbeid.

Klikk her for å skrive tekst.

Her er det sortering og sikring av lasta i sekkene. Alt er piloten sitt ansvar. Han godtok ikkje sekkene våre fordi dei var brukt før og hadde nokre hol. Ompakking måtte til. Så tok han dei dårlege sekkene i eit nett. Det gjorde susen.

Gerda reddar kaffikjelen. Den skal me ha seier ho. Tenkjer sikkert på Stuvikjo.