Til fots i Andalusia (Seniorgruppa)

Fellestur

Fra dato
14. oktober kl. 08:00
Til dato
21. oktober
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Seniorer
Arrangører
Stord-Fitjar Turlag, Bergen og Hordaland Turlag , Seniorgruppa Stord-Fitjar
Turkode
Senior-2017
Dette arrangementet er over!

NB! 
Turen er fullteikna. pr. 19.november-2016

Du kan stå på venteliste, då mykje kan skje framover.  Ta kontakt med turleiarane.

 

Andalusia
Den sørlegaste delen av Europa har alltid tiltrekt seg biletkunstnarar, forfattarar og turistar. Fotturistane har særleg funne sørhellingane av Sierra Nevada fascinerande, og det finnest eit utal av vandreruter i dette området. Noko av det er lagt ut som nasjonalpark, og området me skal gå i, Las  Alpujarras, er ikkje noko unnatak.

Las Alpujarras fekk ein maurisk folkesetnad etter at dei blei forviste frå Granada av dei kristne erobrarane i 1490-åra, og byggeskikken i dei små kvite landsbyane er påverka av marokkansk byggestil. Alt romarane slo seg ned i dette området, og laga eit stort nettverk av akvedukter og kanalar for å dyrka dei terraserte skråningane. Maurarane utvida og forbetra desse anlegga i stor grad. (For den som vil vita meir om denne dramatiske tida då maurarane blei fordrivne, er den spennande romanen «Fatimas hånd» av Ildefonso Falcone eit godt val.)

Me skal bu i ein av dei såkalla Poqueira-landsbyane, som ligg i ei brei kløft med bratte sider opp mot Sierra Nevadas nest høgaste fjell, Pico Veleta (3398 moh) Den øverste landsbyen heiter Capileira, og er rekna som den nest høgasteliggjande landsbyen i Spania. (1436 moh). Landsbyen har 600 fastbuande, og er eit sentralt utgangspunkt for ei mengd vandreruter, bl.a til Spanias høgaste fjell, Mulhacén. (3479 moh)

Den blir basen vår i fire dagar med fotturar. Dei andre landsbyane langs Poqueira-elva er Pampaneira og Bubion, og desse tre blir rekna som nokon av dei vakraste landsbyane i Las Alpujarras.

Dag 1:
Buss frå flyplass til hotell Don Curro i Malaga. Tur i byen, middag.

Dag 2:
Etter frukost buss frå Malaga til Capileira. Rundtur langs elva frå Capileira til Bubion og attende. Ca. 2 ½ t. Lett tur. Engelsktalande guide. Innsjekk Finca los Llanos hotel, middag.

Dag 3:
Denne dagen får me to alternative turar.

  1. Den første er ein tung tur for dei som føler seg spreke nok til å gå 18 km med gangtid på 8-9 timar.
    Den går i nordleg retning, mot ein liten landsby, Cebadilla, der det vart bygd ein dam og vannkraftverk på 1950-talet. Me skal klatra opp på fjelltoppen Cebadilla og gå langs dei gamle vatningskanalane. Flotte utsikter både mot dei høgaste fjelltoppane og nedover Poqueira-ravinen, som blir rekna som den vakraste i Spania.
  2. Den andre er middels tung- 12 km og 4 timars gangtid.
    Denne turen går frå Capileira til Pitres og attende, og er ein del av den kjende GR-7 vandreruta.

Dag 4:
Denne dagen går me til den vesle landsbyen Cebadilla, som me gjekk i retning av dag 3, kryssar over Poqueira-elva og går attende til Capileira. Distansen er 8 km og gangtid 3-4 timar. Middels vanskegrad.

Dag 5:
Denne dagen får me og valet mellom to turar.

  1. Den eine på 16  km og gangtid 6-7 timar, karakterisert som krevande.
    Denne turen går frå Capileira i nordaustleg retning, mot Hoya del Portillo, som er eit vanleg utgangspunkt for turar til Mulhacén. Me går gjennom furuskog, langs skogsstiar med fantastiske utsikter mot fjelltoppane.
  2. Den andre er ein 3-timars tur på 6 km, med vanskegrad medium.
    Denne turen er ein rundtur Capileira – La Tala, vandring i eit vakkert landskap i fulle haustfargar.

Dag 6:
Etter frukost kjører bussen mot neste hovudmål, Granada, men på vegen drar me innom den truleg høgastbeliggjande landsbyen i Spania, Trevelez, 1476 moh. Denne vesle staden med ca. 800 innbyggjarar er Spanias skinkehovudstad. Her blir enorme mengder Serrano-skinke produsert. Den tørre og kalde lufta er iddell for tørking av skinkene, og dei blir sende hit frå heile Spania. Me skal innom ein av desse tørke-fabrikkane, for informasjon og smaksprøvar, inkludert lokal vin. Kanskje nokon vil ha med seg heim ei skinke, om det er plass i kufferten.

Om ettermiddagen blir det guida tur i det gamle arabiske kvarteret i Granada, Albayzin, med sine pittoreske hus og smale gater. Middag på eige initiativ.

Dag 7:
Dette blir ein spesiell dag, for eit besøk i det mauriske palasskomplekset Alhambra blir sagt å vera noko alle og einkvar bør få med seg før dei døyr. Det er vanskeleg å skildra dette eineståande byggverket- det er som med Taj Mahal, det må opplevast. Avslutningsmiddag.

Dag 8:
Transport frå hotel Carmen til flyplassen i Malaga. Heimreise.

  • Engelsktalande guide alle dagar.
  • Bindande påmelding til turleiarane innan 27.11.2016
  • Depositum Kr 1000,- betales innan 27.11.2016 til kontonr.  8530.12.71374
  • Vidare innbetaling vinter/vår 2017: Dato & sum kjem seinare

Priser: (avhenger om kor mange deltakarer)

  • 30-34 personer   kr 11400,-
  • 20-29 personer   kr 12210,-

Enkeltromtillegg     kr 2352,-

Prisane er IKKJE inklusiv: 
 - Forsikringar
 - Flymat
 - Dei "gule" måltida  (sjå vedlegg)
 - Drikkevarer, tips

  • Max. 34 deltakarar.

Turleiarar:
Anne Eldøy            annekhi@online.no                      mob. 909 34 372 
Birger Taranger    birgertaranger@hotmail.com    mob. 915 63 034

  • Gruppeturen er arrangert i samarbeid med Getaway/G Travel Stord/Bømlo

Bagasje

  • Opptil 2 kolli innsjekka bagasje (maks 20 kg pr. kolli) Pga. avgrensa plass i buss - ha med 1 kolli inntil 20 kg + fornuftig håndbagasje (maks 10 kg)
  • Hugs lett dagstursekk og gode tursko, evt. samanleggbare stavar om du treng det.

Buss t/r Stord ?

  • Usikkert, då fleire reiser til andre tider, overnattar/bur i Bergen etc.
    Kjem tilbake til det seinare

Sjå nokre bilder frå områda og hotell under:

Kontaktinformasjon: