Topptur med Barnas Turlag til Beinatjørnsvarden

Fellestur

Dato
2. oktober kl. 10:00 - 14:00
Passer spesielt for
Barn
Arrangører
Barnas Turlag Stord-Fitjar, Stord-Fitjar Turlag
Turkode
2022 BT

Bli med Barnas Turlag på topptur!

Oppmøte og start frå parkeringsplassen ved Olstjødno Kl. 10.00.

Me går i samla tropp over brua ved utløpet av Olstjødno. Følger så grusveg inn til Svartavatnet, og vidare på sti opp til toppunktet.

Me et nista, nyt utsikt og godt selskap før me set turen nedover lia og tilbake til parkeringsplassen.

Beinatjørnsvarden er ein av «Barnas Topptrim 2022»

Det kjem meir info på nettsida vår og på Barnas Turlag sin Facebook-side

 

 

Tur 41 Olstjødno-Svartavatnet-Beinatjønnsvarden-Olstjødno på UT.no, sjå også tavle ved Olstjødno.