Kveldsmattur med Barnas Turlag til Hustrudalen

Fellestur

Dato
24. februar kl. 17:00 - 19:00
Vanskelighetsgrad
Enkel  
Passer spesielt for
Barn
Turtyper
Fellestur, Fottur, Kveldsmattur
Arrangører
Barnas Turlag Stord-Fitjar, Stord-Fitjar Turlag
Turområde
Sunnhordland (se kart)
Turkode
2021 BT
Dette arrangementet er over!

Endeleg er det klart for årets fyrste kveldsmattur! Denne gong til turlaget sin flotte, nye gapahuk i Hustrudalen.

Me møtes på parkeringsplassen ved hovudvegen og går i samla flokk inn til gapahuken klokka 17.00. Turen er godt eigna for barnevogn.

Framme ved gapahuken vert det fyr i bålpanna, kveldsmat, frileik og sosialt samvær for store og små.
Kle deg etter vêret og ta med den kveldsmaten du ynskjer å ete.

Det kan vera kjekt å ha med ei hovud- eller lommelykt til returen.

Kveldsmatturane til Barnas Turlag er eit GRATIS tilbod og er ope for alle.

Me minner om at alle bør halda minst éin meters avstand til andre enn personar i eigen husstand, og oppmodar alle om å ha med eigen handsprit. Om du er sjuk må du halda deg heime, men er hjarteleg velkommen på neste tur :-)

Maks antal deltakarar på denne turen er 50 personar, og førehandspåmelding er naudsynt.

Hugs at alle deltakarar, born og vaksne, må registrerast separat ved påmelding.

Velkommen på tur!

Kveldsmattur med Barnas Turlag til Hustrudalen

Endeleg er det klart for årets fyrste kveldsmattur! Denne gong til turlaget sin flotte, nye gapahuk i Hustrudalen. Me møtes på parkeringsplassen ved hovudvegen og går i samla flokk inn ...