Turforslag 33. Gradering: Grøn løype

Tursti til Skjersholmane – Digernes – Hatland - Skjersholmane   3-4 timar

Stad:                             Skjersholmane Stord

Turkart:                       Stord- Fitjar Turkart

Start- og sluttpunkt: Skjersholmane. Ta av frå E39 i Heiane- krysset. Følg skilt mot Skjersholmane ferjekai(Ranavik)

Parkering:                   På høgre side litt ovanfor ferjekaien.

Merking:                     Veg og umerka sti

Gradering:                  Grøn løype.     Lett

Høgdeskilnad:           32 – 69 moh

Tidsbruk:                    3-4  timar

Gode råd:                   Våte parti.

Turskildring:

Stien startar i øvre del av parkeringsplassen ovanfor ferjeleiet,  bak kabelhus. Følg  stien vestover langs sjøen til ei vik med stor bakke (Størjevika). Gå opp bakken mot båthamna i Hornelandsvågen. Gå gangsti langs sjøen og opp i veg. Ta til venstre gjennom bustadområdet og gå mot innkjøring frå hovudveg. Gå til venstre mot Tømmervik kai. Nesten nede på kaien, ta til høgre gjennom grind, forbi fritidshus og opp til skogsveg. Ta så til venstre på sti inn gjennom skog, forbi uthus, vestover i retning Digernes. Stien går i skog litt ovanfor sjøen. Følg utkanten av gjerdet mot høgre ved innmark på Digernes. Følg asfaltert veg tilbake til Hatland og gangsti langs riksveg mot høgre og Skjersholmane ferjeleie.

Alternativ tilbaketur:

Ta til venstre på god skogsveg i første bakken på asfaltert veg. Gå gjennom grind. Hald høgre i stikryss før riksvegen og gå forbi dyrka område. I enden av området umerka sti gjennom lyng og vått parti til bekk og rett fram på skogsveg til Hatland og riksveg mot Skjersholmane. Følg gangsti/riksveg til parkeringsplass ved Skjersholmane.

NB: Alternativ tilbaketur blir gådd om att for nøgnare skildring.