Turforslag 09. Gradering: grøn løype

Nesskogen – 3,0 km    ca.1 time

Stad: Sagvåg

Turkart: Stord – Fitjar (1:50.000)

Start og sluttpunkt: Informasjonstavle ved parkering/inngang til skogsvegen.

Parkering: Ta av frå E39 ved Heiane og følg 545 ca 3 km ta til venstre mot Sætravikjo. 

Etter ca 300m parkering på venstre side langs gang/sykkelveg.

Merking: Informasjonstavle ved start, skilta elles

Gradering: Grøn. Lett, ein støvel etter DNT- systemet.

Høgdeskilnad: 15- 50 moh.

Tidsbruk: 1 t

Turskildring: 

Fin rundtur på skogsveg og sti i naturområde med spesielt rik flora. 
Fin tur for born.
Skogsløypa med informasjonsskilt. Fleire benkar langs vegen. Avstikkar på sti 0,5 km (noko meir kupert) til utsiktsplass/rasteplass ved sjøen. 
Siste 400m, ta til høgre langs Sætravikvegen og følg på asfaltert veg/gangveg attende til startpunktet.

Nesskogen - Sætrevik
Nesskogen - Sætrevik Foto: Wenke Åse