Turforslag 07. Gradering: grøn løype

Turløypa ved Høgskulen HSH - 1,5 km     ca. 1 time

Stad: Stord

Turkart: Stord – Fitjar (1:50.000)

Start og sluttpunkt: Parkeringsplass nedanfor HSH

Parkering: Ta av frå E39 nord for Leirvik sentrum, ta til høgre 300 meter etter Ådland bru og følg skiltinga mot Høgskulen.

Merking: Informasjonstavle ved start, skilta elles

Gradering: Grøn. Lett, ein støvel etter DNT- systemet.

Høgdeskilnad: 0- 60 moh.

Tidsbruk: inntil 1 t

Turskildring:

Følg rundløypa på tomta ved den gamle lærarhøgskulen. Mykje fine tre og blomar å sjå. Har du botaniske interesser er dette turen for deg! Utsikt over Sunnhordlandsbassenget.