Turforslag 05. Gradering grøn løype

Kulturhistorisk rundløype, Fitjar sentrum, 2 km  1,5 - 2 timer

Stad: Fitjar sentrum

Turkart: Stord-Fitjar (1:50.000)

Start og sluttpunkt: Start og slutt ved parkeringsplassen, kommunehuset/Larsen.

Parkering: God plass på offentleg parkeringsplass.

Merking: Merka etter internasjonal standard med Informasjonstavle og 7 retningsskilt. I tillegg er her 5 kulturhistoriske informasjonstavler.

Gradering: Grøn, enkel fottur, 1 støvel etter DNT systemet.

Høgdeskilnad: 0 – 110 moh.

Tidsbruk: 1,5- 2 timar t/r

Turkildring:

Lett tur med mange kulturopplevingar som passar for små og store. Frå parkeringsplassen ligg parken lett synleg nord for kyrkja. Vidare på flat asfaltveg som er lett tilgjengeleg for barnevogn og rullestolbrukarar. Ta vegen mot venstre, forbi bedehuset for å komme til Kongsbrunnen. Ta same veg attende til bedehuset, men gå over riksvegen og vidare på sti gjennom kyrkjegarden. Ut frå kyrkjegarden går du tvers over asfaltveg og fortsetter opp den slake bakken, på nordsida og forbi Rimbareid skulen. Vidare tar stien av mot vest oppover trapper og på sti mot Rimsvarden. Her har ein flott utsikt over Fitjarvikjo og Austevoll. Du må gå same veg attende ned til ”Sjøsbrekko”. Her kan du ta til venstre og komme strake vegen attende til parkeringsplassen. Det er sett opp flotte kulturhistoriske informasjonstavler ved fleire historiske stader. Desse fortel om Fitjar si historie. Ei er plassert ved Håkonarparken og statue av Håkon den Gode (laga av Anne Grimdalen, 1961). Her vert det fortalt om Håkon den gode og slaget på Fitjar i år 961. Ved Kongsbrunnen får du informasjon gjennom tekst og teikning om brønnen og kongsgarden. Ved sørsida av kyrkja finn du skiltet som fortel om den gamle steinkyrkja som sto her. Oppe ved Rimsvarden, som er ei stor bronsealderrøys fortel ei eiga informasjonstavle det dei veit om grava og kva som er funnet i den..

Statue av Håkon den Gode (laga av Anne Grimdalen, 1961).
Statue av Håkon den Gode (laga av Anne Grimdalen, 1961).