Turforslag 32. Gradering: Grøn løype

Tursti til Heiane/Skjephaugsvatnet – Røyrtjødno – Valvatna – Heiane/Skjephaugsvatnet   2 timar

Stad:             Skjephaugsvatnet v/Heiane, Stord

Turkart:         Stord- Fitjar Turkart

Start- og sluttpunkt: Skjephaugsvatnet,  Stord

Parkering: Parkeringsplass v/Skjephaugsvatnet. Ta av E39 i Heiane-krysset og kjør i retning Heiane nord. Følg veg mot Aker. 10 m før kryss til Kårevik, ta inn skogsvei til venstre mot parkeringsplassen.

Merking:         Skogsveg/umerka sti.

Gradering:       Grøn, Lett, 1støvel etter DNT-systemet

Høgdeskilnad:   64 -76 moh

Tidsbruk:   2 timar

Turskildring:

Følg veg innover forbi Skjephaugsvatnet, vidare forbi dynamittlager og ned bakke til vegkryss der ein tar til venstre.. Følg vegen til neste kryss og ta til venstre også her. Gå på god veg forbi Røyrtjødno og vidare mot riksvegen på Valvatna forbi tidl. bossplass. Ta til venstre på gangstien langs riksvegen.

Ta anten gangsti langs riksvegen attende til gangbru på Heiane, eller  gå inn på skogsveg tvers av det første huset ein ser på høgre hand. Fortsett rett fram på denne stien til sagbruket, og vidare til høgre ned til gangbru og til venstre langs riksveg tilbake til parkeringsplass.

For litt lengre tur gå opp forbi sagbruket og følg  god skogsveg/sti gjennom skogen tilbake til dynamittlageret. Ta så til høgre attende til parkeringsplass ved Skjephaugsvatnet.

Skjephaugvatnet
Skjephaugvatnet Foto: Wenke Åse