Turforslag 31. Gradering: Blå løype

Nordhuglo  Høgafjedlet (Varden)    3 timar 

Stad: Stord - Huglo

Turkart: Stord-Fitjar (1:50.000)

Start og sluttpunkt:  Ferjekaien Nordhuglo

Parkering: På ferjekaien Jektevik ein treng ikkje ta med bil over til Nordhuglo, turen startar på ferjekaien.

Merking: Infotavle på ferjekaien ,skilta og merka etter den nye merkestandar.

Gradering: Blå, moderat fottur 1-2 støvlar etter DNT systemet.

Høgdeskilnad: 0 – 218 moh.

Tidsbruk: 3 timar

Gode råd: På Nordhuglo har familien Bruntveit fått ril eit fantastisk ovnsmuseum, ei samling av gamleovnar frå heile landet, som er vel verdt ei vitjing. På Nordhuglo er og nokre vikingraver som og er verdt å sjå.

Turskildring:

Fylg vegen opp frå ferjekaien ca.500 m. ta til venstre og gjennom to gardstun. Her tek stien til Høgafjellet(Varden) til ,litt vått i starten. Etter nokre hundre meter kryss med sti til Tveit. Det er god sti opp mot toppen men litt myrlendt nokre stader, så hugs gode sko.. Turen opp til toppen tar ca. 1 time. Frå toppen ei flott utsikt i alle retningar, mot Stord, Tysnes, Kvinnherad og inn til Varaldsøy. Nedturen  går mot sør, litt bratt i starten, etter kvart kjem ein inn i fint skogsterreng og ned til vegen frå Tveit til Haukanes (Vegstubben 1913). Ein fylgjer her vegen til høgre mot Tveit og vidare attende til Nordhuglo.

Skilting:  Innfotavle på Ferjakaien Nordhuglo.  2 skilt venstre Høgafjellet.  2 skilt høgre Tveit. 1 skilt høgre Nordhuglo

Høgafjellet  (Varden) på Huglo
Høgafjellet (Varden) på Huglo Foto: Wenke Åse