Turforslag 29. Gradering: Grønn løype

Rundtur  Heio – Agdesteinfjellet – Heio    2 timar 

Stad: Stord

Turkart: Stord-Fitjar (1:50.000)

Start og sluttpunkt: Parkeringsplass på Heio

Parkering: Ta av frå E39 til Lundsæter, ca. 800 m nordom Ådland bru, (eller ved Førlandskrysset 4 km lenger nord) og følg vegen 7 km oppover mot Fjellstova. Herifrå ca. 500 m til vegkryss, ta av på delvis grus og bratt asfaltert veg til høgre retning mot Kattnakkjen ca. 4 km.

Merking: Infotavle på Heio , skilta og merka etter den nye merkestandar.

Gradering: Grønn, middels fottur 3 støvlar etter DNT systemet.

Høgdeskilnad: 390 – 472 moh.

Tidsbruk: 2 timar

Turskildring :


Rundtur med start på Heio. Stien går mot aust over myrane, og på sørsida av Hetlesætertjødno. Vidare i småkupert terreng til Agdesteinfjellet. Fin utsikt over Langenuen, Huglo, Storsøy og Skorpo.  Stien fylgjer så kraftlina ned dalen og over bekken til skiltet ”Steinen”. Frå skiltet fylgjer ein dalen opp til ein er ved ”Steinen”, herfrå fylgjer ein stien frå Svartavatnet og attende til Heio.

Skilting:  Infotavle på  Heio. 1 skilt venstre og 1 skilt høgre mrk Agdesteinfjellet ,1 skilt venstre  Steinen , 1 skilt venstre Heio.  1 skilt Agdesteinfjellet 472 moh.

Utsikt frå Agdesteinfjellet
Utsikt frå Agdesteinfjellet Foto: Wenke Åse