Turforslag 28. Gradering: blå løype

Vad – Liane – Fjellstova – Hauglandskvedno – Vad  7,5 km.     3 timar

Stad : Stord 

Turkart : Stord-Fitjar 

Start og sluttpunkt:  

Ved Vad- elvo, rett før garden Vad.

Ta av frå  E39 mot Lundsæter ca. 800m nord for Ådland bru. Følg denne 2 km og ta til venstre inn til Vad.

Parkering : Kjør ned til elva, parkering rett før brua

Merking :  Infotavle ved P-plass, skilta og merka.

Gradering:  Blå . Moderat fottur. 2 støvlar etter DNT – systemet

Høgdeskilnad : 70 – 220 moh.

Tidsforbruk : 3 timar  

Turskildring

Følg vegen over elva , forbi garden ca. 100 m. Gå gjennom grinda til venstre og følg skogsvegen opp og over til Vatnadalen. Opp gjennom dalen til lite murhus, herfrå på sti opp liane. Noko myrlendt terreng opp liane, til krysset med stien som går ned til Hauglandskvedno, sti dei fyrste 500m. Sidan på god skogsveg ned til Kvedno. I liane her er det ein del gamal Barlind. Hauglandskvedno er ei gamal gardskvedn restaurert av Lions og Sunnhordland Folkemuseum. Frå Kvedno følgjer ein skogsvegen ned att til Vad.

Merka sti .Opplysningstavle Vad , 1 retningskilt høgre og 1 venstre mrk. Vatnadalen , 1 skilt høgre Vad   1  skilt høgre og 1 venstre mrk. Fjellstova, 1 skilt høgre og 1 skilt venstremrk.Hauglandskvedno,  Infoskilt om Hauglandskvedno