Turforslag 27. Gradering: blå løype

Øvre Økland – Isdal – Stua – Øvre Økland    6 km.    2,5 timar 

Stad:  Stord.                                                                                                     

Turkart:  Stord-Fitjar (1:50000) 

Start og Sluttpunkt:  Ved skogsvegen inn til Stuva.

Parkering:  

Ta av frå E39, ca. 800m nord for Ådland bru mot Lundsæter. Ta inn Vatnadalsvegen og følg denne gjennom garden Vatna til kryss med skogsveg til Stua. Parkering til 5-6 bilar

Merking:  Informasjonskilt ved start, skilt og merka som Blå løype

Gradering:  Blå , moderat fottur  2 støvlar etter DNT systemet 

Tidsbruk:  2,5 timar t/r.

Turskildring

Følg vegen opp til og gjennom garden på Øvre Økland. Ved Klorstasjonen ca. 100 nord om garden tar ein skogsvegen til venstre.

Følg denne forbi Ulvatjødna og inn mot Isdal. På toppen før vegen går ned til Isdal, ta til venstre på god sti inn i granskogen. Etter 500m endar stien inne på Isdal. Følg vegen til endes, ta så til høgre over grasbakkenetter siste huset på høgre side, gjennom grinda på sørsida og inn på sti/skogsveg til Stuva. Kommen inn på vegen frå Stua tar ein til venstre og følgjer skogsvegen attende til Øvre Økland.

Merka sti.  Opplysningstavle ved start., 3 skilt venstre Isdal, 2 skilt venstre og 1 høgre mrk.  Stuva, 1 skilt venstre Ø.Økland.