Turforslag 25. Gradering: rød løype

Rydlandsago – Morkavatnet – Barlinddalsvatnet – Rydlandsago   8 km    4-5 timar 

Turkart: Stord – Fitjar  (1: 50000)

Start og sluttpunkt:  Parkeringsplass ved Rydlandsago.

Parkering:  Følg riksveg 545 på vestsida av Stord ca. 20 km. frå Leirvik og ca. 10 km frå Fitjar. Tilrettelagt parkeringsplass på austsida av vegen.

Merking: Infotavle ved start , skilta og merka som Raudløype.

Gradering:  Moderat fot- tur  3 støvlar etter DNT-systemet.

Høgdeskilnad: 50 – 250 moh.

Tidsbruk:  ca. 4 - 5 timar.

Turskildring:

Turen frå parkeringsplassen går på skogsveg. Etter ca 1 km. er det kryss med sti motFuglatjødn/Prestavarden . 

Følg stien til høgre og på ny bru over Flono. Vidare opp mot stikryss til Mørkavatnet . 

Gå ikkje ned her, men opp til venstre og følg lia på austsida avvatnet . 

Vidare innover i litt myrlendt tereng og ned tilBarlinddalsvatnet . Det er ur med ein del stor stein ned motvatnet , så ver varsam. Følg stien rundt vatnet og ned att påvestsida av Morkavatnet . Kryss utløps-elva frå Morkavatnet og følg stien langas elva eit stykke og deretter mot nordaust og til brua over Flono. Og derfrå attende til parkeringsplassen.  

Merka sti.  Opplysningtavle  Rydlandsago.  3 skilt høgreMorkavatnet , 1 skilt venstre , 1 skilt høgreBarlinddalsvatnet.   2 skilt venstre Rydlandsago

Barlinddalsvatnet
Barlinddalsvatnet Foto: Wenke Åse