Turforslag 24. Gradering: rød løype

Litlabø – Bjødnahifjedlet – Litlabø    8 km.   3-4 timar t/r 

Turkart: Stord – Fitjar (1:50.000)

Start og sluttpunkt: Gruvemuseet på Litlabø

Parkering: Ta av frå E39 vest for Leirvik sentrum på veg skilta til Litlabø. Etter ca. 4.5km  ta til høgre og skilting til Gruvemuseet.

Merking: Informasjonstavle ved start, skilta og T-merka

Gradering: Raud. Noko krevjande, fire støvlar etter DNT- systemet.

Høgdeskilnad: 30 – 380 moh.

Tidsbruk: 3 – 4 timar t/r

Gode råd: Ta gjerne turen bortom Bjødnahiet der den siste bjørnen som var registert på Stord, hadde vinterhiet (kjelde: Kristen Sørheim)

Turskildring

Følg vegen opp mot Rødkleiv, over ei bru og på god skogsveg forbi fotballbana over brua ved Dalsløkjen og vegen til endes opp Stordalen. Gå ikkje den første T-merka stien, men følg vegen 10 meter lenger opp og ta så bratt opp Fossane.  Stien følgjer eit gamalt bekkefar, så her er ein del stein og bratt , men det er lagt ut tau på dei brattaste partia. Vidare i skogsterreng til Stuasætertjødnane. Det ligg hytte ved begge tjødnane. Etter siste tjødno tek ein opp eit lite gjel, her er det viktig å halda til venstre, og ein ser då rett bort på Bjødnahifjedlet. Følg så stien langs nord- og vest- sida av fjellet. Bjødnahiet er vanskeleg å få auga på, men inngongen er på baksida av nokre steinblokker som er støtta opp mot fjellet.

Stien nedover frå Bjødnahiet går rett austover på sørsida av Bjødnahifjedlet, først opp over eit lite høgdedrag, og så ned mot ei lita myr.  På austsida av myra møter ein stien som kjem ned frå austsida av Bjødnahifjedlet. Følg den nedover lia tilbake til stien/skogsvegen i Stordalen, og ta same vegen attende.

Skilting:

T-merka sti. Opplysningstavla Litlabø, 5 skilt venstre Bjødnahiet, 1 skilt venstre Litlabø, 2 skilt høgre Litlabø, 1 Opplysningtavle Bjødnahiet