Turforslag 23. Gradering: rød løype

Vistvikjo – Tindane – Mosavatnet – Kvednavatnet – Vistvikjo  9,5 km.   3-4 timar

Turkart:   Stord – Fitjar (1: 50000)

Start og sluttpunkt:  Parkeringsplass Vistvik

Parkering:  Ta av frå E39 5 km. sør for Sandvikvåg. Parkering ved busstopp Vistvik.

Merking:  Infotavle ved start , skilta og merka.

Gradering:  Raud , noko krevande  3-4 støvlar etter DNT- systemet.

Høgdeskilnad:  30 – 575 moh.

Tidsbruk:  3 – 4 timar

Gode råd:  Stien går over nokre myrar, så ha gode sko. På Tindane finnest og Norges vestlegaste førekomst av Reinrose, så går du turen tidleg på våren, er det mogleg å sjå denne vakre fjellblomen.

Turskildring:  

Turen opp frå parkeringsplassen startar bratt men på god skogsveg. Ved skilt til Tindane forlet ein skogsvegen og går over på sti. Stien er godt merka, så her er lett å finna fram. På toppen av Tindane ligg ”Tindaslottet”, ei vakker steinhytte. Frå toppen er det utsikt over store deler av Sunnhordland. Like ved hytta ligg og ein ”utedo”, så mens ein sit her kan ein nyta utsikta.

Turen ned att kan gåast over Grønafjellet og inn på stien frå Heio til Fitjar. Ein fylgjer denne ned til Svartavatnet og langs Kvednavatnet , og i enden på vatnet møter ein skogsvegen som går ned att til Vistvik. Ein kan og sjølsagt gå same vegen attende.

T- merka og privat merka.  Opplysningstavle  Vistvik.  1 skilt venstre og 1 skilt høgre mrk. Tindane, 1 stadskilt Tindane 575moh., 2 skilt høgre Svartavatnet 2 skilt høgre Vistvik sjå og sti 9.