Turforslag 21. Gradering: rød løype

Øvre Økland - Prestavarden - Hovtrongsvatnet - Ravatnet - Øvre Økland.  10,5 km    4-5 timar

Start og sluttpunkt:  Ved skogsveg til Stua.

Parkering: Ta av frå  E39 til Lundsæter , ca 800 m nordom Ådland bru. Følg denne til kryss med  Vatnadalsvegen og ta inn her. Gjennom garden Vatna over ei lita bru og opp til kryss med skogsveg til Stua. Her er parkering til 4-5 bilar.

Merking:  Innformasjonstavle ved parkering ,skilta og T-merka.

Høgdeskilnad:  50 – 510 moh.

Tidsbruk: 4 - 5 timar

Turskilding

Følg vegen inn Vatnadalen, gjennom gardstunet på Ø.Økland og til demningen øvst i dalen. Følg vegen vidare opp mot Ravatnet. Etter ca. 1 km. ta av mot venstre på sti og følg ”Prestatråkket” opp lia mot Kløvfjedlet og på god sti inn til Prestavarden (Stord og Fitjar var i tidligare tider eitt kyrkje-sokn, og dette var vegen presten brukte på sin tur over fjellet).  Frå Prestavarden fin utsikt, frå Ryvarden i sør til Sotra i nord. Følg stien attende til ei lita tjørn, ta til venstre på austsida og ned til Hovtrongsvatnet og vidare langs vestsida av Ravatnet og ned vegen attende til Vatna.

T- merka sti.  Opplysningstavle Ø.Økland . 

3 skilt venstrePrestavarden , 1 skilt Venstre Hovtrongsvatnet , 2 skilthøgre Ravatnet , 2 skilt høgre Vatnadalen  

1 stadsskilt Prestavarden  422 moh. 

Prestavarden
Prestavarden Foto: Wenke Åse