Turforslag 19. Gradering: blå løype

Vad - Hauglandskvedno - Sjoalemyro (sti) - Grov - Vad.  11 km   3 timar 

Stad: Stord

Turkart: Stord-Fitjar (1:50.000)

Start og sluttpunkt: Parkeringsplass på Vad ved elva, ca 4 km frå Leirvik sentrum. Eventuelt gå delar av løypa ved å starta på Sjoalemyro eller Grov.

Parkering: Ta av frå E39 til Lundsseter, ca. 800 m nordom Ådland bru, og følg denne ca. 1,5km der ein tek til venstre. (eller ved Førlandskrysset 4 km lenger nord)

Merking: Informasjonstavle ved start, skilta og T-merka frå start.

Gradering: Lett fottur 3 støvlar etter DNT- systemet.

Høgdeskilnad: 60 – 100 moh.

Tidsbruk: 3 timar.

Turskildring

Her er det tilrettelagt for parkering ved Vadelva. Ein følgjer skogsbilvegen, som er stengt for bilkøyring, og etter om lag 1 km er ein igjen ved elva, men litt lengre oppe. Her er det fint både å bada og prøva fiskelykka etter elveauren. Berre 150 m lenger framme ser ein Hauglandskvedno der det er sett ut bord og benker. Løypa går vidare i nordaustleg retning, først ca 500 m på fuktig grunn, før ein er inne på skogsbilveg med hogstfelt langsetter vegen. Etter om lag 1 km. er ein framme ved Fjellvegen rett nedanfor Eikjekleiv, kryss vegen og ta av på traktorveg. Etter om lag 1 km kjem ein inn på våt sti i nokre 100 m, og ein har Grovalio på venstre hand. Straks er ein inne på tørrere sti og framme ved skogsveg. Ein endrar retning mot aust og følgjer skogsbilvegen om lag 1 km ned til Grovaelva. Her er gangbru. Berre 250m lenger framme kjem ein til E39.

Vidare tilbake mot Vad tek ein av i første krysset til høgre etter elva, og igjen er det på nyare skogsbilveg. Midtvegs på denne vegen er ein ved Longehølane der Grovaleva renn stille og roleg heilt inn til vegkanten.

Lenger framme kjem ein  tilbake til Fjellvegen, om lag 400 m austom førre kryss ved same veg. Løypa går no på asfaltert veg om lag 150 m i søraustleg retning, og bryt så av på traktorveg mot sørvest. Traktorvegen er litt nedsliten med noko overflatevatn enkelte stadar. Vegen fører forbi inngjerda beiteområde og går over i sti. Ein er då snart ved Buskasmogbekkjen, som ein må kryssa to gongar, før ein er framme ved vegen der ein starta turen og p-plassen i sørleg retning.

Hauglandskvedno
Hauglandskvedno Foto: Wenke Åse