Turforslag 18. Gradering: rød løype

Klovskardfjellet og Melen frå Dalshaugane; 12 km   5 timar t/r

Stad: Fitjar

Turkart: Stord-Fitjar (1:50.000)

Start og sluttpunkt: Dalshaugane

Parkering: God parkeringsplass ved austsida av Fv 545, mellom Årbø og Tveita.  

Merking: Skilting etter internasjonal standard. Informasjonstavle og 6 retningskilt.

Gradering: raud, krevjande fottur, 3 støvlar etter DNT systemet.

Høgdeskilnad: 20 – 555 moh.

Tidsbruk: 5 timar t/r

Turskildring

På denne turen får ein oppleva Fitjarfjella frå lågland, gjennom flotte myrlandskap, langs fjellvatn og opp på fjelltopp i over 500m høgd. Kanskje er dette noko av det flottaste ein kan by på i Fitjarfjellet.” (frå Opptur i Hordaland).

Turen begynner på traktorveg. Med mykje vatn må bru over Tveitaelva nyttast. Oppover på veg ca 1.5 km til stikryss med skilt mot nord og Klovskardfjellet. Først i slakt landskap, vidare bratt på nordsida av Klovskardvatnet. Stikryss mellom Botnavatnet og Klovskarsvatnet, mot Klovskarfjellet. Følg toppane mot varden på Inste Klovskardfjellet (555moh). Stien går ned gjennom eidet og Klovskard. Gå på vestsida av Kongsskogsvatnet, vidare på vestsida av Insta Sørlivatnet og Ytste Sørlivatnet. Ved utløpet er det rasteplass med turbok, bord og benk. Stikryss med skilt mot mot Melen i nord. Frå toppen (499moh) går stien vestover ned på vestsida av Klovskardvatnet. Gå over bru og følg stien ned til den møter same sti/traktorveg som du kom opp. Han tek deg attende til Dalshaugane. 

Klovskardfjellet
Klovskardfjellet Foto: Wenke Åse