Turforslag 17. Graderinger: blå løype

Sponavikjo - Gullberg t/r 4 km.    2 timar

Stad: Stord

Turkart: Stord-Fitjar (1:50.000)

Start og sluttpunkt: Parkeringsplass ved Sponavikjo camping/badeplass.
Parkering: Sponavikjo – følg skilt frå Leirvik sentrum frå rundkøyringa nedanfor Amfisenteret.

Merking: Skogsbilveg og sti å følgja. Løypa er og brukt i OPPTUR.

Gradering: Blå, moderat fottur 2 støvlar etter DNT systemet.

Høgdeskilnad: 0 – 81 moh.

Tidsbruk: 2 timar

Turskildring

I Gullberg kan ein sjå merke etter den eldste gruvedrifta på Stord som starta i 1689 då dei leita etter kopar. Namnet Gullberg kjem av at det glimtar i fjellet. Oppe på Store Gullberg er det restar etter ein tysk signalstasjon frå krigen og her er utsikt til Bjoa, Tittelsnes, Borgundøya og Bømlafjorden heilt sør til Sletta. Men ein må opp på Litla Gullberg, 81 moh., for å sjå utover heile Bjelland og Aker Kværner.

Heile dette vesle naturområde er kjend for sitt mangfald av blomar, kristtorn, krossved og berberiss, og i deler av skogen blir det drive juletreproduksjon.

Sponevik badeplass
Sponevik badeplass Foto: Wenke Åse