Turforslag 16. Gradering: blå løype

Tranøy; 2 km    2 timar t/r 

Stad: Fitjarøyane i Fitjar

Turkart: Stord-Fitjar (1:50.000)

Start og sluttpunkt: I Friluftsområde på vestsida av Tranøy, i vik med båtfeste (ikkje brygge).

Parkering: Ein må ta seg ut til Tranøy med eigen båt eller kajakk. Gjestebrygge ved ”Larsen” i Fitjar sentrum. Egna sentrumsstrand for uttak av kajakk. Parkeringsplass ved ”Larsen-kaia” og ved kommunehuset i sentrum.

Merking: Merking etter internasjonal med 3 retningsskilt og informasjonstavle ved start.Standard Informasjonstavle og retningsskilt i Natterøysundvikjo, der turen startar. Går i eit dalføre til stikryss. To retningsskilt. Mot aust til Tranøysåto og mot nord til Bassnesvatnet og vidare ned til Bassnesvågen. Sunnhordland padleklubb har lagt ut orienteringspost på Tranøy, avmerka på eige orienteringskart.

Gradering: Blå, moderat fottur 2 støvlar etter DNT systemet.  

Høgdeskilnad: 0 – 62 moh.

Tidsbruk: 2 timar t/r

Turskildring

Lett tur som passer for små og store. Turen startar i Natterøysundet i ei lun vik som Friluftsrådet Vest disponerer. Her er grunn sjø. Etter første bakken er det ein avstikkar opp til Tranøysåto (62 moh), med utsikt over dei andre øyane. Her ligg det turbok kor du kan skrive namnet ditt. Gå tilbake til stikryss og fortsett på sti mot nord. Merka sti går over berg og myr, rundt Bassvatnet og ned til vika i Bassnesvågen.