Turforslag 15. Gradering: blå løype

Fodno; frå Sørfodno kommunal brygge - skulehuset - Ramsberget    3,6 km t/r.

Stad: Fonno i Fitjarøyane, Fitjar

Turkart: Stord-Fitjar (1:50.000)

Start og sluttpunkt: Start frå kommunal brygge på vestsida av Sørfodno. Retur same stad.  

Parkering: Ein må ta seg ut til Fodno med eigen båt eller kajakk. Gjestebrygge ved ”Larsen” i Fitjar sentrum. Egna sentrumsstrand for uttak av kajakk. Parkeringsplass ved ”Larsen-kaia” og ved kommunehuset i sentrum.

Merking: Skilting etter internasjonal standard. Informasjonstavle og fire retningskilt.

Gradering: Blå, moderat fottur 2 støvlar etter DNT systemet.

Høgdeskilnad: 0 – 149 moh.

Tidsbruk: 2 timar t/r

Turskildring

Turen går frå brygga, vidare på traktorveg oppover og igjennom jordbrukslandskap, kulturminne, gjennom gardstun opp til skulehuset på Fonno. Retningsskilt viser ved vidare på merka sti nordover og opp på høgaste punktet på øya som er varden på Ramsberget, 149 moh. I varden er det lagt ut bok kor du kan skrive namnet ditt. Her er det god utsikt over Fitjarøyane i tillegg til Austevoll i nord, Stord og Fitjar i sør og Bømlo i vest. På Fodno er det aktivt jordbruk og der kan du treffa både storfe (Aberdeen Angus), hest og sau av gamal norsk sau.