Turforslag 14. Gradering: blå løype

Rimbareid – Botnavatnet 8 km tur/retur    3 timar

Stad: Fitjar

Turkart: Stord-Fitjar (1:50.000)

Start/sluttpunkt: Rimbareid, ca 2 km sør for Fitjar sentrum.

Parkering: Parkeringsplass ved vestsida av Fv 545, ved Rimbareidstjødno naturreservat.

Merking: Skilting etter internasjonal standard. Informasjonstavle og 2 retningskilt.

Gradering: blå, middels fottur, 2 støvlar etter DNT systemet.

Høgdeskilnad: 20 – 323 moh

Tidsbruk: 3 timar t/r

Turskildring

Frå parkeringsplass med informasjonstavle startar turen på motsatt side av riksvegen med informasjonsskilt. Første del av turen går på den nye anleggsvegen til Midtfjellet vindmøllepark. Etter 1-2 km tar du av på mot søraust, på god trakka tursti, på flatane mot Botnavatnet (323moh). Ved Botnavatnet er det tilrettelagt med bord og bålplass. Her er fint å bade og det er og mulig å få fisk på kroken. Dette er og eit utgangspunkt for meir utfordrande fjelltoppar

Botnavatnet
Botnavatnet Foto: Wenke Åse