Turforslag 13. Gradering: blå løype

Huglo kultursti - rundtur 5 km.   1,5 timar

Stad: Stord - Huglo

Turkart: Stord-Fitjar (1:50.000)

Start og sluttpunkt: Tveit, enden av vegen

Parkering: Snuplass ved enden av vegen på Tveit. Frå ferjekaia følgjer ein bilvegen og i krysset ved kappellet tek ein til høgre.

Merking: Løypa er merka som ein natursti og informasjonstavler fortel om historia langs vandringa. Løypa er og omtala i OPPTUR Hordaland.

Gradering: Blå, moderat fottur 1-2 støvlar etter DNT systemet.

Høgdeskilnad: 20 – 113 moh.

Tidsbruk: 1,5 time

Turskildring

Ta vegen frå Tveit ned ein grusveg, over eit gjerdeklyv og gjennom ei grind. Følg vegen der trallebana gjekk før ut til Kvednavikjo. Følg vidare sørover forbi Geithidleren og ta til venstre mot Limomnen. Vidare tek ein vestover retning Skjønshammar. Siste del av løypa følg du skogsvegen nordover mot gardane på Sør-Huglo. Ein passerar staden der Futagarden låg i Sunnhordland på 1600 – talet. Herifrå er det ca 1 km attende til utgongspunktet.