Turforslag 12. Gradering: blå løype

Lundsseter– Stengjelsheddo – Vaulane – Lundsseter 5 km.   3 timer

Stad: Stord

Turkart: Stord-Fitjar (1:50.000)

Start og sluttpunkt: Parkeringsplass ved Lundsseter kraftstasjon.

Parkering: Ta av frå E39 til Lundsseter, ca. 800 m nordom Ådland bru, (eller ved Førlandskrysset 4 km lenger nord) og følg vegen 7 km oppover mot Fjellstova. 800 meter forbi denne til parkeringsplass ved Lundsseter kraftstasjon.

Merking: Informasjonstavle ved parkeringsplass, skilta og T-merka, dette er turløypa som vert brukt til OPPTUR.

Gradering: Blå, moderat fottur 2 støvlar etter DNT systemet.

Høgdeskilnad: 200 – 529 moh.

Tidsbruk: 3 timar

Turskildring: 

Gå 100 m attende til Lundekollen (tidligare Hoppbakke). Opp langs hoppbakken, kryss bekken rett etter kraftlinja, opp Stengjelsdalen, ta til høgre når du kjem opp dalen, følg ryggen opp til toppen. Ned att held ein litt til høgre ned eit lite skard og vidare ned dalen mot Vaulane til høgre langs myrane på sørsida av Vaulane. Opp ei lita kneik og ned på vegen frå demninga, følg han ned til Lundsseter kraftstasjon.

Steingjeldsheddo
Steingjeldsheddo Foto: Wenke Åse