Turforslag 11. Gradering: grøn løype

Rundtur i gruvene Sagvåg   ca. 1 time

Stad: Litlabø

Turkart: Stord – Fitjar (1:50.000)

Start og sluttpunkt: Gruvemusèet, Litlabø. Rundtur. Turstien startar ved tårnet.

Parkering: Ved Heishuset og tårnet er det gode parkeringstilhøve. Her kan og bussar parkera. Frå E39 tek ein av mot Litlabø på 544 og fylgjer vegen 4 km til ein kjem til Litlabø. Her tek ein til høgre opp mot gruvene og Rødkleiv.

Merking: Informasjonstavle ved startpunkt. Skilta og merka etter ny løypestandard. Venelaget for Gruvo har òg merka ulike tursløyfer med eigne fargar på pålar.

Gradering: Grøn. Lett fottur. Ein støvel etter DNT-systemet

Høgdeskilnad: 39– 100 moh.

Tidsbruk: 1 time

Gode råd: Nokre våte parti, bruk høvelege sko. Ein tur på stiane i skogen kan godt kombinerast med ein fjelltur. Frå krysset vest for Stordalselva kan ein følgja traktorvegen oppover mot Dalskarvatnet. Herifrå finst det mange turalternativ for vidare utflukter innover i Stord-fjella.          

Turskildring: 

Turen startar like ved heistårnet og fylgjer stien oppetter bekkefaret i Eikebakken.Inne i den mørke, stemningsfulle granskogen passerer ein fleire synkar, som eigentleg er luftehol for gruvene. Sadalen, ein våtlendt og grøderik dal ligg på høgre sida av stien. Her finst fleire kilometer med gruvegangar.

Etter 700 meter kjem ein til skilting mot Storsynken. Det er rydda sti til dette imponerande dagbrotet frå 1860-1880-åra som er 160 meter langt , 10-20 meter breitt og 30-60 meter djupt. Trea innanfor gjerdet er saga ned slik at dette mektige inngrepet i terrenget er synleg for alle. Tilbake til stien fylgjer me denne til høgre forbi tufter etter Stølen for Dalegardane. I neste vegkryss er ein i Stordalen, og tek mot venstre, sørover langs Stordalselva / Dalsløkjen. Her er ein idyllisk rasteplass ved elva der ungar lett kan fanga fisk med håv eller fiskestang. FråDalsløkjen følgjer ein traktorveg mot Storstemma/ Jappaløkjen. Jappaløkjen er merka med eiga informasjonstavle. Drikkevatnet frå fjellet vart samla opp her. Dette var òg prosessvatn for kisvaskeriet. Fleire vatn oppetter Litlabøfjella vart òg demma opp i 1914-15 for å magasinera vatn til gruvedrifta. Kis-vaskeriet aleine trong sju kubikkmeter vatn i minuttet.

Frå Jappaløkjen går ein over Rødkleiv idrettsbane, langs skogsvegen, med kiselva på høgre side. Brunfargen i elva kjem av mykje jern i berggrunnen. På veg ned Rødkleivbakken ser ein attende til heistårnet.

Gruvesamfunnet hadde det meste som skulle til i eit samfunn. Her var postkontor, administrasjon og badehus, der arbeidarane kunne vaska seg etter ein lang dag i gruo. I arbeidarbustadane var det vanleg at det budde ein familie i første høgda og ungkarar i andre høgda. Administrasjonsbygningen der funksjonærane hadde arbeidsplassane sine, ligg oppe på haugen. Tårnet står oppå ei gruvesjakt som er om lag 750 meter djup. Den store, kvite bygningen er Badet, der arbeidarane vaska seg.

Gruvene på Litlabø
Gruvene på Litlabø Foto: Wenke Åse