Turforslag 01. Gradering: rød løype

Heio - Svartavatnet - Nipalio - Store Tjødnadalen - Heio. 13 km (4 timer)

Stad: Stord

Turkart: Stord-Fitjar (1:50.000)

Start og sluttpunkt: Parkeringsplass på Heio

Parkering: Ta av frå E39 til Lundsseter, ca. 800 m nordom Ådland bru, (eller ved Førlandskrysset 4 km lenger nord) og følg vegen 7 km oppover mot Fjellstova. Herifrå ca.500 m til vegkryss, ta av på delvis grus og bratt asfaltert veg til høgre retning mot Kattnakkjen ca. 4 km.

Merking: Godt og tydeleg merka sti.

Gradering: Raud, middels tung fottur 4 støvlar etter DNT systemet.

Høgdeskilnad: 390 – 680 moh.

Tidsbruk: 4 timar

Turskildring: 

Rundtur med start på Heio. Stien går i flatt lende forbi Steinen og opp Stegane til Ravnaskukkjen. Fin utsikt til Langenuen, Tysnes og Kvinnherad. Gjennom bjørkeskog til Svartavatnet. Stien går like inntil anleggshytta for kraftutbygginga og på tilrettelagt gangveg langs oppgraderte steindemningar. Vidare flatt innover langs idyllisk vasskanal (vasstunnel frå Strupen) og opp Nipalio til stikryss i Strupen øvst i Børtveitsdalen. Følg stien forbi nordsida av Stemmetjødno til stikryss i Store Tjødnadalen. Er no inne på stien som går ”Stord på langs” og følgjer denne gjennom Store Tjødnadalen og opp til Litle Tjødnadalen, vidare forbi Martebrotet til nedstigning i Kvelve og Fossabrekko.

Store Tjødnadalen
Store Tjødnadalen Foto: Wenke Åse