Utlån av kanoer i Ådlandsvatnet

Foto: Odd Ingvar Ur

Barnas Turlag tilbyr utlån av kanoar på Ådlandsvatnet. Dette er eit gratistilbod, åpent for alle.

Me har 8 stk kanoar, årer og redningsvestar.

For å låne kanoane må det vera ein ansvarleg person over 18 år.

For reservasjonar og meir informasjon send e-post: Frode.hammer@stord.kommune.no

MERK:

I juli månad blir kanoutlånet administrert av Sport1 Heiane. Ta turen innom for å gjera avtale om bruk av kanoane!

Dersom du elles skulle ha spørsmål, ta kontakt med Barnas Turlag Stord-Fitjar på Facebook.

VEGBESKRIVELSE

Kjem du frå Leirvik sentrum følgjer du Fylkesvei 544 mot øvre del av Sæ.

Ta av i krysset mot Kattatveit, og følg vegen forbi Knutsaåsen eldresenter, vidare forbi Rikets Sal. Du kjem så til ein undergang. Du parkerer bilen før eller rett etter undergangen. 

Du tar så beina fatt ned bakken som tar deg mot vatnet. Du vil sjå kanoene på di ventsre hand når du kjem fram.​​​​​​​

Foto: Odd Invgar Ur