Arkivert artikkel!

Artikkelen er ikke lenger aktiv og innholdet kan derfor være utdatert.

Aktiv til 100 - KVAR torsdag 

Turlaget starter opp att med nye "Aktiv til 100"  turar kvar torsdag!
Følg med på annonseringa i Bladet Sunnhordland.


Stord-Fitjar Turlag ynskjer å gje eit tilbod til deg som ikkje er så aktiv, og som synest at "dørstokkmila" er litt for lang. 
Målgruppa for turane er dei som har fri på dagtid, og som ynskjer lette turar og ein sosial møteplass.

Tur-resepten er eit DNT opplegg med støtte frå Helsedirektoratet og vert kalla ”Aktiv Til Hundre” . Prosjektet har som overordna mål å betra inaktive sin livskvalitet og helse gjennom auka fysisk aktivitet og opplevingar i naturen.

Ideen med prosjektet er å utvikla eit enkelt tilbod kor ein skal fokusera på å motivera folk å koma seg ut av godstolen og igong med aktivitet, med andre ord eit tilbod til dei som synest ”dørstokk-mila” er litt for lang, og kanskje ikkje har nokon å gå saman med.

Turane har eit faste turmål, gapahuken i Skjephaugen & gapahuken i Stuvavikjo.
​​​​​​​Lokalkjende turvertar syt for å tilpassa turane etter vêr og føre. Turane er ekstra lette, og det vert lagt vekt på det sosiale.

        – Oppmøte ved inngangen til Skjephaugen kl 10.30 torsdag'er i Partalsveker
        – Oppmøte ved Møllebrua kl 10.30 torsdag'er  i Oddetalsveker

        – Ta med kopp og ei lita niste - gratis bålkaffi  v/Gabahuken!

        – Det varer mellom 1,5 - 2 timar, og det er gratis å vera med og ingen påmelding!

Fin drøs i Gapahuken, der Hans'en er den faste kaffikokaren
Fin drøs i Gapahuken, der Hans'en er den faste kaffikokaren

Skrevet av Wenke Åse 13. januar 2016