Senior overnattingstur til Indre Sogn

Luster i Indre Sogn fekk besøk av Stord Fitjar Turlag og 28 nyfikne turlystne deltakarar. Les meir om denne turen her.

28 håpefulle seniorar starta tidleg søndag morgon turen mot indre Sogn og tre dagar med flotte fjellturar. Etter ei omvisning i bringebærbygda Vik, bar det ut til Vangsnes og kjempestatua av sagnhelten Fridtjof den Frøkne, ei gåve frå Norges-venen keisar Wilhelm II.

Sidan med ferje over fjorden og vidare til den vakre bygda Hafslo der me skulle bu på ein ombygd gard kalla Bestebakken. Med tanke på den ekstremt bratte, smale og humpete tilkomstvegen hadde kanskje Verstebakken passa betre, men med tanke på utsynet, den heimekoselege atmosfæren og den gode lokaltilpassa maten, var Bestebakken heilt ok. All ære til turleiarane våre, Gerda og Jan Ove Øen, for at dei klarte å få oss installerte på ein så spesiell overnattingsstad.


Alle fekk rom med individuelt preg, nokre i hovudhuset, nokre i løa, og nokre i glashus med utsyn til alpakkaene som beita i hagen. Alle dynene våre var fylte med alpakkaull, så me fekk erfara den gode kvaliteten.


Måndagen starta med landets «eldste» bilferje frå Solvorn til Ornes for omvisning i landets eldste stavkyrkje, bygd ca. 1130, og inne på verdsarvlista som den einaste i landet. Den tyskfødde guiden gav oss ein spennande gjennomgang av kyrkja, både utvendig og innvendig. Fantastisk flotte utskjeringar og dekorasjonar, verkeleg verd eit besøk.


Etterpå gjekk vegen attende over fjorden og inn til Luster og tur til Molden, 1116 moh. med Lusters vakraste utsikt. Me starta frå Krossen, ca. 500 moh, og fjordlandskapet viste seg betre og betre di høgare opp me kom. Dei mange stiane oppover viste tydeleg at svært mange var interesserte i den berømte utsikta frå toppen. Likevel, ein gong måtte vel den strålande sommaren ta slutt, men det var trasig at skodda på toppen skulle ramma akkurat oss.


Om kvelden fekk me besøk av Bjørn Sørheim, med røtene på Stord, og han heldt eit interessant kåseri om fleire tema, med hovudvekt på liv og lagnad i Sogn og Sogndal, og utviklinga i denne fjordbyen, både når det galdt fotball og Høgskulen, der han hadde hatt sitt virke i 40 år.


Tirsdag var Fuglesteg målet vårt. Me køyrde inn til Fortun, og etter ca. 600 m stigning på traktorveg og sti, var me framme på denne fjellgarden som klorar seg fast på ei fjellhylle høgt over fjorden. Sylfest Ormeli bygde garden i 1830, og det seiest at han bar stein til byggverket i fem år før han fortalde kona si om planane. All steinen er brukt til hovedhuset, som er 15m langt og 8m breitt, i to etasjar og med ein meter tjukke murar. Ikkje under at nokon har samanlikna bygget med Keopspyramiden. For eit blodslit det må ha vore i år etter år. Med alle dei bratte bakkane ser ikkje akkurat garden ut til å ha vore spesielt lettdriven, heller, heile 70 mål innmark å slå. Og ungane-for ein skuleveg-600m opp og ned tre dagar i veka i all slags ver, sommar som vinter.

I 1985 brann dei då fråflytta bygga ned, men i 2000 tok Luster turlag fatt på gjenreisinga, og med god støtte frå offentlege og private instansar, samt eit utal dugnadstimar, stod etter fem år hovedhus og løe nybygde, og DNT har etablert denne spektakulære staden som ubetent hytte med 23 sengeplassar.


Alle kom seg velberga ned att, og etter dusj og kvild kunne me nyta endå ein av dei gode middagane på Bestebakken. Denne kvelden hadde Bjørn Sørheim med seg kompisen, historikaren Rasmus Sunde, han og med base på Høgskulen, men i tillegg grunnleggjar og eigar av Fotefar Temareiser, og hans tema for kvelden var bl.a. historie og turisme i Sogn og Fjordane. Mykje å fara over, men han og kunne sitt fag og klarte å halda publikum i ånde med gode historiar, som for eksempel at Harald Hårfagre eigentleg var sogning, og at slaget ved Fimreite var eit av dei blodigaste i historien.


Onsdag var siste dagen med fjellturar, og no vart kursen sett mot Jostedalen og Norges største isbre. Målet var Spørteggbui, 1560 moh. med fantastisk utsikt til mykje av breen og tindane i Jotunheimen.

Me køyrde inn til Krekane og derifrå bomveg opp til Vanndalsvatnet, 1050 moh.

Vermeldingane var ikkje akkurat i vår favør, men me la trøstig i veg oppover, og regnet heldt seg vekke lenge. Komne opp til ca. 1300 moh. såg me at skodda hadde sige ned over toppen, og Jan Ove fann ut det var best å snu. Ein topptur med hovudet i skyene var nok. Regndråpane byrja å komma tettare og tettare, og vinden auka på.

Me frykta glatte svaberg nedover, men det gjekk forbausande bra med gode fjellstøvlar, heilt til Anne (Eldøy) trødde på eit ekstra glatt skråberg, og dermed var flaksen oppbrukt. Med flott innsats frå turleiarar og andre hjelparar fekk me støttebandasje på den skadde foten og buksert henne i ly av nokre store steinar.

Deretter jogga Jan Ove nedover til han fekk kontakt med 113, og etter noko venting gjekk det slag i slag. Først kom ambulansepersonell med båre, men heldigvis var Seaking redningshelikopteret på plass nokre minutt seinare, og Anne og redningsmann vart heiste til værs i ei handevending. På sjukehuset i Lærdal konstaterte dei to brot i foten, med operasjon på Stord sjukehus som neste trinn.

Etterpå samla alle seg på Breheimsenteret med sin svært spesielle arkitektur. Dette senteret formidlar kunnskap om isbreen og nasjonalparken gjennom film og utstilling.

Stor avslutningsmiddag om kvelden, der Jan Ove snakka om Sogn og Reidar Lunde heldt takketale til dei dyktige turleiarane og overrekte gåve frå deltakarane.


Torsdag var det tidleg oppbrot i regnet, og kursen vart sett mot Sogndal. Først var det vandring langs den vakre strandpromenaden, og sidan omvisning på Campus Fosshaugane leia av tidlegare president i Norges Fotballforbund, Yngve Hallen.

Så vart kursen sett sørover. Nokre valde Vikafjellet med sludd og snø, andre Lærdalstunellen og litt lågare lende, men alle har etter det me veit, komme seg

heilskinna heim.


Me har heilt sikkert alle turdeltakarane med oss når me rettar stor takk til Gerda og Jan Ove for flott opplegg, spennande turar og solid gjennomføring!


Anne og Birger



Skrevet av Frank Breistein 7. oktober 2021