Stord på langs i flott vær!

Jacob Gullberg fører an nokon av deltakerne over fjellet til Fitjar søndag
Jacob Gullberg fører an nokon av deltakerne over fjellet til Fitjar søndag Foto: Kjetil Gundegjerde

Søndag 29.august hadde Stord-Fitjar Turlag sin årlege tur "Stord på lang" med 24 deltakere, ein tur på omlag 22 km frå Heio i sør til Årskog i nord.

I det uvanleg strålande turværet gjekk det kjapt og uproblematisk unna, med vaksen ungdom som dei yngste til godt vaksne, spreke damer som dei eldste, iflg. turleiarane.
Elles var det m.a. deltakere frå Bergen, Osterøy og Tysnes.
Det vart matpause på dei "vanlege" plassane, i Store Tjødnadalen, på vindstille Mehammarsåto, og ved Kjeringjo ved Svartavatnet. Antall deltakare er elles innafor dei 20 til 26 det har vore dei siste åra.Og med all aktivitet som er og var no om dagen, er turlaget nøgd med årets tur, og seier velkomen til ny tur neste år...

Foto: Kurt Grundvold

Skrevet av Wenke Åse 1. september 2021