Stordugnad i Stord /Fitjar fjellet laurdag 26/9!

Gruppene frå Stord og Fitjar møttes på kommunegrensen i Hedledalen
Gruppene frå Stord og Fitjar møttes på kommunegrensen i Hedledalen Foto: Svein A.Birkeland

 Laurdag 26. september hadde Stord - Fitjar Turlag felles dugnad i Stordfjellet.

Ei gruppe gjekk opp fra Dalshaugane og gruppen frå syd starta frå Lundsseter kraftstasjon. Denne gruppen fekk kutta brakje og sette opp merkepinner frå Aravatnet.

Fitjar-gruppen merka m.a. opp frå Yste Sørlivatnet og opp til grensen mellom kommunane ved Hedledalen. Og mens desse merka stien her, var andre igjen ved utløpet av nemnde Yste Sørlivatnet for å laga to flotte bruer.

Mykje flott stiarbeid vart utført av den over 20-talls gruppen frå turlaget. Mange timars arbeid og vandring førde til god merking på denne gamle stien. No er det berre å ta den i bruk....


Dugnadsleiar frå Fitjar var Geir Tore Søreide og frå Stord-siden Arne Haugland.

Ein av to bruer som karar frå Fitjar bygde
Ein av to bruer som karar frå Fitjar bygde Foto: Svein A.Birkeland

Skrevet av Stein Aaserud 28. september 2020