Tur til Fondsbu Eidsbugarden

SFT på Fondsbu Eidsbugarden 30. Aug. - 3. Sept. 2020
SFT på Fondsbu Eidsbugarden 30. Aug. - 3. Sept. 2020 Foto: Frank Breistein

Søndag 30. August reiste 22 seniordeltakarar til Eidsbugarden i Jotunheimen på DNT si hytte Fondsbu for å gå dagsturar i området. To vesentlege faktorar for å få ein vellukka tur slo til..

Veret var strålande alle dagar og turleiar Jarle Hevrøy var i storform. Det han ikkje veit om namn på fjelltoppar, ruter og fjellfloraen i Jotunheimen, er ikkje verdt å vita. Gjennom 20 år har han vore gjest på Fondsbu der han har vore turleiar for DNT Oslo. Jarle var også turleiar for SFT sin tur til Fondsbu i 2019. Grunna fullteikning og venteliste vart turen arrangert også i år. Denne gongen var det deltakarar frå Stord, Bergen, Aksdal og fleire frå Bømlo Turlag, svært hyggjelege innslag.

Eidsbugarden er som kjent Åsmund Olavson Vinje sitt fjellparadis. Kvar morgon før avmarsj og kvar kveld i kveldsmøtet framførte Jarle eit dikt av Vinje eller Olav H. Hauge, utanat! Tirsdagen hadde Jarle ordna med omvising i Vinje-stova med forteljing av Solbjørg Kvålshaugen, vertinne på Fondsbu gjennom ti-år. Det var ei trolsk stemning i den vesle mørklagde stova med 22 deltakara og Solbjørg som fortalde og song.

Eyvind og Sara Vatne frå Stord og Fitjar har budd i Fagernes i Valdres. Dei skulle prøva nokre år der for å gå på ski men grodde fast der. Onsdag etter turen kom dei og delte sine sitt liv og opplevingar i Valdres med oss til stor åtgaum frå tilhøyrarane. Dei var gode ambassadørar for Valdres og vart straks utnemd til offisielle ambassadørar for Sunnhordland, noko dei meinte dei hadde vore all si tid.

SFT si fjellbadegruppe var sjølvsagt med på turen så det gjekk ikkje ein dag utan at gruppa markert seg med høge skrik og plask i Bygdin med eit einsifra tal på temperaturmålaren.

Måndagen gjekk turen til Utsikten, ein lett topp på sørsida av Eidsbugarden med sikteskive og utsikt til nesten alle toppar i Jotunheimen. Jarle trengte ikkje denne skiva men peikt rundt heile horisonten medan namna rant ut av han. Her drog Vinje alle sine vener opp for å sjå Jotunheimen. Etterpå gjekk turen vidare sørover i ein god boge for Tur 1 og i ein litt mindre boge for Tur 2. Opp til Utsikten starta Tur 2  gruppa 15 min før Tur 1 gruppa slik at alle kom fram samstundes, eit vellukka trekk.

Tysdagen rant med dikt og strålande ver. Denne dagen gjekk Tur 1  austover på nord-sida av Bygdin, så opp og nord inn langs Høystakketjernet, så vestover langs Gravatjernet bak Gravafjellet og ned i Mjølkedalen som endar ut ved Fondsbu. Tur 2 fylgde same turen til Gravatjernet men tok ned litt tidlegare langs den gamle Postvegen.

Onsdagen gjekk turen sørover inn i Vennisstøldalen, tilbake på brinkane mot Bygdin og over Vinjeknatten. Her såg me til endes på Bygdin. Denne dagen heldt me alle saman og Jarle undervistet med fjellflora og namn på fjell og dalar.

Heimreisedagen, Torsdag, var det meldt regn, men lukkelegvis vart det utsatt til ettermiddagen slik at me fekk med oss ein tur over Sløtafjellet, rett nordvest for Fondsbu. Der fekk me sjå ein flokk på 15-20 reinsdyr som kryssa stien vår. Eit flott syn. Skyene og vinden kom etter kvart og lukkelege turgåarar kraup i bilen og gledde seg til softisen på Sogneporten.


Frank Breistein

Assisterande Turleiar


Bygdin sett frå Vinjeknappen
Bygdin sett frå Vinjeknappen
Jarle Hevrøy fortel om namna på toppane. Falketind er den mest kjente.
Jarle Hevrøy fortel om namna på toppane. Falketind er den mest kjente.
Solveig Kvålshaugen, vertinna på Fondsbu, saman med Jarle. Dei har kjent kvarandre i 20 år.
Solveig Kvålshaugen, vertinna på Fondsbu, saman med Jarle. Dei har kjent kvarandre i 20 år.
Reinsdyrflokken på 15-20 dyr kryssa stien vår.
Reinsdyrflokken på 15-20 dyr kryssa stien vår.

Skrevet av Frank Breistein 4. september 2020