Aktiv til 100 

Foto: Gerda Øen

Stord-Fitjar Turlag sine to Aktiv til 100-grupper går torsdagar, partalsveker i Skjephaugen  og oddetalsveker i Stuavikjo.


Alle kan vera med på turane, alder er inga hindring. Turleiarane viser veg innover til gapahukane.


Dei som vil vera med, må melda seg på til turleiarane som står ved bommen inn til Skjephaugen og ved Møllebrua mellom kl. 10.00 og 10.30.


Ved gapahukane vert det servert kaffi frå kl. 10.30. Ta med niste og kaffikopp.


Me følgjer dei vanlege smittevernreglane. Dvs. at ingen med symptom på luftvegs-infeksjon kan vera med.

Turleiarane registrerer alle med namn og telefon-nummer. Ein må halda minst ein meters avstand og unngå handhelsing og anna form for fysisk kontakt.

Skrevet av Stein Aaserud 16. august 2020