Aktiv til 100 - Startar  Opp

Aktiv til 100 gruppene startar opp igjen etter ei lengre nedstenging. Då ny gruppe er starta i Hustrudalen er det no 3 grupper, Skjephaugen, Stuvikjo og Hustrudalen. 

​​​​​​​




Stord-Fitjar Turlag sine tre Aktiv til 100-grupper går torsdagar, partalsveker i Skjephaugen og oddetalsveker i Stuavikjo samt mandager, partalsveker, i Hustrudalen. Grunna føreforhold kan det bli avlysingar. Følg difor med på påminningar under "Gard & Grend" i Sunnhordland. 


Alle kan vera med på turane, alder er inga hindring. Turleiarane viser veg innover til gapahukane.


Dei som vil vera med, må melda seg på til turleiarane som står ved bommen inn til Skjephaugen og ved Møllebrua mellom kl. 10.00 og 10.30.


Ved gapahukane vert det servert kaffi frå kl. 10.30. Ta med niste og kaffikopp.


Me følgjer dei vanlege smittevernreglane. Dvs. at ingen med symptom på luftvegs-infeksjon kan vera med.

Turleiarane registrerer alle med namn og telefon-nummer. Ein må halda minst ein meters avstand og unngå handhelsing og anna form for fysisk kontakt.

Skrevet av Stein Aaserud 6. februar 2021