Arkivert artikkel!

Artikkelen er ikke lenger aktiv og innholdet kan derfor være utdatert.

Sikteskiva på Stovegolvet

Sikteskiva klar til bruk. Tårnet rett nedanfor og laaaangt i bakgrunnen, Folgefonna.
Sikteskiva klar til bruk. Tårnet rett nedanfor og laaaangt i bakgrunnen, Folgefonna. Foto: Svein A.Birkeland

Måndag 13. mai vil heretter gå over i historien, kanskje, som ein merkedag i turlaget sin historie. Då var 7 sterke karar samla for å bæra Sikteskiva opp til hytta på Stovegolvet. Den er jo Turlaget si gåva til turfolket i høve 25 års-jubilêet til laget dette året. 3 bårer var laga på førehand og dei 3 delane som Sikteskiva bestod av, vart båren heile veien på litt under 2 timar!

Boreutstyr var tatt med og på ein liten haug på sørsida av hytta, var 4 hol laga og Sikteskiva montert og vil forhåpentleg stå der gjennom allslags vêr i mange år framover. Så no skal det ikkje lenger vera tvil om kva du kan sjå frå haugen her, i alle retningar.
Dei fleste fjell "av betydning" er nevnt med namn og høgde, og stadnamn i nærområdet er og med.


Eg vil takke styret i turlaget som hadde tru på prosjektet og ikkje minst bevilga dei mange tusenlappane den kosta. Flott arbeid er utført av 'Eldøyane Vedlikehald' og bedrifta 'Byrået' på Heiane.

Og ei stor takk til karane som var med på å bæra det heile til fjells. (Sjå bilete med alle namn!).
Takk og til Stord Fjellsameige som har vore positiv til plassering!

No er det berre å ta beina fatt og ta det nye landemerke i nærare syn.

Merk! Sikteskiva kan faktisk sjåast med god kikkert frå store delar av Nordbygdo, litt til venstre for Tårnet!

Velkommen til fjells!


TEKST:  Svein A.Birkeland

Sigfred Framnes og Svein A. Birkeland klar for Fossatrappane.
Sigfred Framnes og Svein A. Birkeland klar for Fossatrappane. Foto: Bjørn Helle
Odd Lars Huseth leiar an opp trappene ...
Odd Lars Huseth leiar an opp trappene ... Foto: Bjørn Helle
Odd Lars Huseth og Jarle Hevrøy bærer etter beste evne “over haug og hammar ...”.
Odd Lars Huseth og Jarle Hevrøy bærer etter beste evne “over haug og hammar ...”. Foto: Bjørn Helle
Endeleg framme på haugen og slutt på bæringen ...      Foto: Ein tilfeldig turgåar.
Endeleg framme på haugen og slutt på bæringen ... Foto: Ein tilfeldig turgåar.
Jarle Hevrøy borrer i eit av 4 hol.
Jarle Hevrøy borrer i eit av 4 hol. Foto: Svein A.Birkeland
Ei stolt gjeng etter fullført arbeid. Frå venstre: Odd Lars Huset, Bjørn Helle, Svein Harald Grov, Jakob Gullberg, Sigfred Framnes og Jarle Hevrøy.
Ei stolt gjeng etter fullført arbeid. Frå venstre: Odd Lars Huset, Bjørn Helle, Svein Harald Grov, Jakob Gullberg, Sigfred Framnes og Jarle Hevrøy. Foto: Svein A.Birkeland
Sikteskiva klar til bruk. Tårnet rett nedanfor og laaaangt i bakgrunnen, Folgefonna.
Sikteskiva klar til bruk. Tårnet rett nedanfor og laaaangt i bakgrunnen, Folgefonna. Foto: Svein A.Birkeland

Skrevet av Wenke Åse 14. mai 2019