Kanotur 20 august 2017

Foto: Stord-Fitjar Turlag

Det var god oppslutning, til tross for variable værmeldninger. Meir enn 30 voksne og barn møtte opp ved Vaskeriplanet på Litlabø denne søndagen.

Etter ein liten informasjonsrunde satte alle deltagerne seg godt til rette i kanoene og la i vei.

Under kyndig veiledning av Barnas Turlag leiar Guttorm, la man ut i samla flokk mot stranda ved Vassenden. Her gjorde man strandhogg og slitne armer fekk fortjent kvile.


På stranda utforska nokon av barna naturen rundt, andre fiska frå kanoane, og nokon steikte pannekaker. Etter ein god rast satte ein samla gjeng kursen heimover. Denne gongen ein litt anna vei. Med sol i ansiktet, blikkstille vatn og godt humør blei heimturen eit flott turminne.


Ved ankomst Vaskeriplanet på Litlabø var fleire av dei yngre deltagerne inspirert, varme og beslutta derfor å bada. Ingen av foreldrene våga seg uti.

Turen var ein stor suksess, med både erfarne turvenner og mindre erfarne turvenner.


Søndag 03. september kl 12.00 - 15.00 inviterer Barnas Turlag/Stord-Fitjar Turlag til den årlege KOM DEG UT-dagen ved gapahuken i Skjephaugen

Informasjon
Informasjon Foto: Stord-Fitjar Turlag
Foto: Stord-Fitjar Turlag
Her er me klar for å gå i kanoane
Her er me klar for å gå i kanoane Foto: Stord-Fitjar Turlag
Foto: Stord-Fitjar Turlag
Foto: Stord-Fitjar Turlag
Foto: Stord-Fitjar Turlag
Foto: Stord-Fitjar Turlag
Ein god rast
Ein god rast Foto: Stord-Fitjar Turlag
... og nokon steikte pannekaker
... og nokon steikte pannekaker Foto: Stord-Fitjar Turlag

Skrevet av Wenke Åse 21. august 2017