**AVLYST - Grunna værforhold og få påmeldte*** AVLYST
**AVLYST - Grunna værforhold og få påmeldte*** AVLYST
Årleg tur frå Heio på Stord-sida til nabokommunen i nord, Fitjar.
Turen går frå Heio på Stord-sida til nabokommunen i nord, Fitjar. Me går opp dei nylagde 624 trappene i Fossatrappo til Kvelve.
Vidare forbi Martebrotet ned i Store Tjødnadalen og opp til Mehammarsåto (749 moh).
Det er den høgaste toppen på Stord og med fantastisk utsikt i bra ver.
Vidare i nord-vestleg retning forbi Mosavatnet til Svartavatnet, herifrå opp til Midtfjellet (gjennom vindmølleparken) og ned til Fitjar ved skytebana på Årskog.
Kan vera ein tung tur, så her bør ein være i god form!
Ta med gode/varme klede og god niste/drikke.
Minibuss frå parkeringsplass i Fitjar sentrum kl. 08.00 via Sandvikvåg - Påmelding til turleiar for dei som skal ha skyss FRÅ Fitjar!
Start frå Heio seinast kl. 09.00
Krevjande tur - ca 7,5 timar
Retur med buss til Fjellstova etter turen - kr. 100,- pr. person.
Opptelling av dei som skal med returbuss skjer før avgang frå Heio.
Turen er open for alle.
Turen vert annonsert i Bladet Sunnhordland.
Link til UT.NO
Turleiarar:
Kjetil Gundegjerde mob. 950 83 795
Laila Engelsen mob. 934 99 873
Generelle vilkår som kan være lurt å lesa.