6. september 2020 er det klart for ein ny Kom deg ut-dag med DNT. Kom deg ut-dagen er Norge sin nasjonale turdag, med arrangement over heile landet.
På Stord vil ikkje Barnas Turlag arrangere Kom deg ut-dag i tradisjonell forstand i Stuavikjo, men me oppmodar alle om å bruka søndagen som eit startskot for fine turar i haustsesongen🍁
Kor turen går, og kor lang eller kort den skal vera, bestemmer dåke heilt sjølv. Kyst 🛶, skog 🌲 eller fjell ⛰. Nærtur eller langtur. Uansett, ha det fint på tur! 🌦
Kle dåke etter vêret, ta med ein god nistepakke og godt humør 😁
Sidan me i år ikkje kan dela denne dagen med kvarandre slik me pleier, ynskjer me å invitera alle til ein FOTOKONKURRANSE! Gjennom dette håpar me at me kan dele turglede og stemninga med kvarandre.
TEMA for konkurransen: "Eg kom meg ut!"
HOVEDPREMIEN er eit Instax Mini 11 kamera, kor bileta vert skrivne rett ut frå kameraet. Gøy! 📸
For å delta i konkurransen deler du bildet ditt på sida til Barnas Turlag Stord/Fitjar i løpet av 6. september.
Del gjerne også bilete med oss på Instagram.
Bruk emneknaggane #stordfitjarturlag #barnasturlagstordfitjar
God tur!