Løypa er ei rundløype Mækjebakken-Oldereid-Ersland-Mækjebakken, og går stort sett i småkupert terreng, for det meste i skog, og er ca. 12km lang.
Me kjem til å ta ein avstikkar opp til Bastås-toppen og dessutan det gamle husmannsplasset i nærleiken, som går heilt attende til middelalderen.
Det er viktig med gode, tette tursko, for det er ein del våte parti på strekninga.
Løypa vart opprinneleg rydda og merka av «Gutta på tur» på Bømlo, og var lenge svært populær, også som løpsdistanse.
Litt etter litt avtok bruken, men Bømlo turlag har merka den på ny i seinare tid, både som kort løype, ca. 8km og lang løype, ca. 12km.
Me kjem til å parkera i Åreiddalen, og går turen frå Oldereid.
Frammøte 1030 i Åreiddalen.
Gangtid ca. 3t.
Felleskjøring må ordnast privat.
Har du lyst å vera med og ikkje veit vegen, ring. Velkommen på tur!
Helsing turleiarane.
Turleiarar:
Anne K. Eldøy mob. +47 909 34 372 e-post: annekhi@online.no
Birger Taranger mob. + 47 915 63 034 e-post: birgertaranger@hotmail.com
Generelle vilkår som kan være lurt å lesa.