Skitur til Sauda med DNT-ung

Fellestur

Dato
13. februar kl. 07:45 - 18:45
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Ungdom
Turtyper
Fellestur, Skitur, Aktivitet Skitur, Dnt-Ung
Arrangører
Bømlo Turlag, DNT-Ung Stord-Fitjar Turlag , Stord-Fitjar Turlag

DNT-ung Bømlo og Stord/Fitjar inviterer til fellestur Sauda skisenter søndag 13.februar. 

Me reiser med Stord turbuss. Når me ankommer Sauda skisenter blir det utdelt skikort til alle. Ungdommen kjører sjølv i bakken og bestemmer når ein vil ha ein matpause sjølv. Bussen reiser tilbake kl.16, så det er viktig at alle er på plass ved parkeringsplassen kl.15:30. 

Denne turen blir gjennomført i forbehold at smittesituasjonen held seg nede og at det er nok deltakarar til turen. 

Aldersgrense: 9.klasse og opp til 26år.

Oppmøte: Rema 1000 Vabakken på Stord kl.07:45 og Føyno kl.08:00
Det er viktig at alle møter i god tid til bussen.

Mat: Ta med nok mat og drikke for dagen. Det er mulighet for å kjøpe seg mat i varmestova for dei som ynskjer det.

Utstyr: Slalomski eller snowboard + hjelm. Viss du ikkje har utstyr så kan du sjekke med BUA på Bømlo eller Stord om dei har ski eller brett til utlån: https://www.bua.io/
Det er også mulighet for å leige utstyr ved skisenteret. 

Husk å merke utstyret ditt før du legg det i bussen, slik ingen tar feil.

- Alle MÅ ha hjelm i bakken, skibriller, skibukse og skijakke (varme klede), ekstra hanskar/vottar, bøff...

Pris medlem: 320kr 
Pris ikkje medlem: 450kr
Betales før 1.februar på vipps til Bømlo Turlag 
Viktig å merke med namnet ditt og "Skitur". 


Heimreise: kl.16:00 frå Sauda skisenter, me er tilbake på Føyno kl.18.15
og Vabakken på Stord kl.18.40

Me følgjer DNT og FHI sine smittereglar, så det er viktig at ingen med symptomer kan delta.

Om me ikkje får reise pga restriksjonar, kjem me til å utsetta turen til seinare i sesongen. Turen kjem difor ikkje til å bli avlyst, men eventuelt flytta. 

Kontaktinformasjon:

Turledere:

  • Una Queenly Frimannslund
  • Janne Kolbjørnsen Hovland
  • Håkon Ystheim