Kveldsmattur med Barnas Turlag - Rommetveit

Fellestur

Dato
17. januar kl. 17:00 - 19:00
Vanskelighetsgrad
Enkel  
Passer spesielt for
Barn
Turtyper
Fellestur, Fottur, Kveldsmattur
Arrangører
Barnas Turlag Stord-Fitjar, Stord-Fitjar Turlag
Turkode
2022 BT
Dette arrangementet er over!

Godt nytt år, alle turvenner 🦊

Mandag 17. januar opnar me turåret med ein kveldsmattur.

Oppmøte klokka 17.00 ved kunstgrasbanen til Høgskulen på Vestlandet.

Me går i samla tropp, leikar undervegs og finn ein fin plass der me et kveldsmaten vår.

Ta med eiga niste, drikke, sitteunderlag og gjerne ei lommelykt. Den kan komme godt med i vintermørket.

Kveldsmattur med Barnas Turlag Stord-Fitjar er eit GRATIS tilbod og passar for alle som ynskjer å gje borna sine gode opplevingar ute i naturen saman med andre.

Me minnar om at føresette har ansvar for eigne barn ved deltaking på turar i regi av Barnas Turlag.

Me håpar mange små og store turvennar har lyst å bli med oss denne ettermiddagen 🌙🦊 

- - - - - - - - - - - - - - - - 

Kveldsmattur med Barnas Turlag Stord-Fitjar er eit gratis tilbod og passar for alle som ynskjer å gje borna sine gode opplevingar ute i naturen.

Me publiserer informasjon om kor turen går på facebook-sida vår omlag ei veke i forkant. 

Dette er meint som ei lågterskeltilbod og målet er å få flest mogleg med på tur. Kveldsmatturane er difor ofte også godt eigna for barnevogn. (Er du i tvil, send spørsmål til Barnas Turlag).

På ein typisk kveldsmattur går me i samla flokk ein tur på ca 15-20 minutter til ein kjekk rasteplass. Vel framme et me kvelds og leikar i naturen. Heimturen går i samla flokk tilbake til oppmøtestaden, med mett mage og fulle av fine naturinntrykk.