Topptur med Barnas Turlag Stord-Fitjar til Dyvikesåto

Fellestur

Dato
25. april kl. 11:00
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Barn
Turtyper
Fellestur, Fottur, Aktivitet Topptur
Arrangører
Barnas Turlag Stord-Fitjar, Stord-Fitjar Turlag
Turområde
Sunnhordland (se kart)
Turkode
2021 BT

Bli med Barnas Turlag på topptur til Dyvikesåto!

Me møtes klokka 11.00 på parkeringsplassen på høgre sida av Fylkesvei 545 like etter Dyvik (når ein kjem frå Sagvåg).

Turen går i kupert terreng opp mot toppen som ligg 228 moh. Me tek oss god tid og nyt den flotte utsikta som openberer seg for kvar høgdemeter me går. På toppen blir det tid til å ete niste, leike og ta bilete. Når me er fornøgd går me samla ned same vegen.

Stien går gjennom nokre våte parti, så hugs gode sko/støvlar. Ta elles med niste, drikke, gode klede og godt humør.

Merk at dette er rekna for å vera ein middels krevjande tur, som passar for barn som er vane med å gå på tur.

Topptur med Barnas Turlag er eit gratis tilbod og er ope for alle.

Me minnar om at alle bør halda minst éin meters avstand til andre enn personar i eigen husstand, og oppmodar alle om å ha med eigen handsprit. Om du er sjuk må du halda deg heime, men er hjarteleg velkommen på neste tur.

Maks antal deltakarar på denne turen er 50 personar og førehandspåmelding er naudsynt.

Hugs at alle deltakarar, barn og vaksne, må registrerast separat ved påmelding.

 

Velkommen på tur!

Topptur med Barnas Turlag Stord-Fitjar til Dyvikesåto

Bli med Barnas Turlag på topptur til Dyvikesåto! Me møtes klokka 11.00 på parkeringsplassen på høgre sida av Fylkesvei 545 like etter Dyvik (når ein kjem frå Sagvåg). Turen går i ...

Kontaktinformasjon:

  • Barnas Turlag Stord-Fitjar